Verdas befolkning aukar – vi treng meir mat!

Ei av dei største framtidige utfordringane i verda er korleis vi skal klare å produsere nok mat for den aukande befolkninga i verda. Befolkninga i verda aukar så mykje at det er forventa at vi blir 9 milliardar menneske rundt midten av det 21. århundre (1,2). Dette vil med tida medføre eit høgare trykk på både terrestrisk og marin produksjon av mat, som fører til Allereie i dag fins det mange menneske som er svoltne (1), og med ei auke i befolkning blir dette eit enda større problem. Derfor står følgande utfordringar for tur: auke produksjon av mat på ein måte som er berekraftig og miljøvennleg, og sørge for at dei fattigaste menneska i verda ikkje lenger er svoltne (3). Løysinga på dette problemet er ikkje særleg lett, men i mine auger kan alle prøve å bidra litt. Eg vil sjå på to ulike ting som ”mannen i gata” kan gjere noko med for å hjelpe til, nemlig avfallshandtering og livet som ”fleksitarianar».

Bilde1

 

Før eg skal sjå nærmare på dette, må eg forklare litt kva trofiske nivå går ut på. Dei ulike nivåa i ei næringskjede, blir kalla trofiske nivå (sjå figuren ovanfor). I dei nederste trofiske nivåa har vi produsentane som nyttar solenergi for fotosyntese. Vidare oppover i nivåa har vi konsumentar som et produsentane. Mellom kvart nivå i næringskjeda blir 10% nytta til å produsere ny biomasse, noko som vil seie at dei resterande 90% ikkje blir utnytta. Dette gjeld begge dei to hovudområda vi hentar og produserer mat frå; det marine systemet, altså havet og det terrestriske systemet, altså jordbruk.

 

Avfallshandtering

Rundt 30-40% av all mat som blir produsert blir ikkje nytta av ulike grunnar (1). Dette gjeld både for vestlege land som Norge, og land som er i utvikling, som for eksempel i Sør-Aust Asia. Forskjellen ligg i kvar maten blir øydelagd. I ulike delar av Asia blir mykje av maten øydelagd på grunn av manglande standard på transport eller oppbevaringsfasilitetar, og av skadedyr som øydelegg avlingane (1). I vestlege land som er kome langt i utviklinga, som for eksempel Norge, er det heilt andre årsakar til at maten blir øydelagd eller kasta. Transport og oppbevaringsmoglegheitene er gode nok til at mat ikkje blir øydelagd på same måten som i land som er i utvikling. Her i landet er det mykje mat som blir kasta av kosmetiske grunnar, der maten aldri når butikken fordi den ikkje er stor nok eller at forma ikkje er rett (1). Vidare er mat relativt billig, noko som gjer tilgangen på mat større og … I tillegg er best før-datoane ofte satt tidlegare enn dei treng å ver satt, fordi dei ulike merka som produserer og sel denne maten vil sørge for kvalitet på sin mat.

Forbetringar i infrastrukturen til transportsystemet i mindre utvikla land, kan hjelpe til med å redusere mengda mat som blir øydelagd (1). Behovet for vidare forsking i lagring etter hausting er også tilstades, og kan vere ein måte å redusere avfall.

Dersom vi prøvar å kaste mindre mat, vil forbruket vårt minke. Då vil butikkane ta inn mindre mat, og matproduksjonen minke. Dette vil igjen føre til at arealet som blir brukt for matproduksjon, ikkje vil ha like høgt trykk, og vi kan utnytte det betre etter kvart når befolkninga aukar. Auking i prisen på mat kan også føre til nedgang i avfall (1). Ein anna måte å redusere avfall på er bevisstgjering av dette problemet, og med dette etablering av ein anna tenkemåte når det gjeld matavfall (1).

 

”Livet som fleksitarianar”

Ca. 80% av alt land som blir brukt av menneske, blir brukt til produksjon av mat (4). Som nemnt tidlegare ved trofiske nivå, krevjast det veldig mykje energi for å produsere mat som er i høgare trofiske nivå, som kjøtt. For eksempel, dersom ein primærprodusent produserer 1000 kcal, og vi haustar mat i tre trofiske nivå over primærprodusenten vil utbyttet berre vere 1 kcal. Dermed vil det vere ein stor fordel å hauste meir i lågare trofiske nivå for å få eit større utbytte når det no er og etter kvart blir eit aukande behov for dette. Heldigvis ser ein ei auking i menneske som vel å vere vegetarianarar, anten på heiltid eller deltid. Sjølvsagt treng ikkje alle å bli vegetarianarar, men om mange vel vekk kjøtt berre ein eller to dagar i veka, vil dette utgjer ein stor forskjell.  ”Deltids-vegetarianarar” har no og fått eit nytt begrep: fleksitarianarar, som beskriv personar som vel bort kjøtt, fisk, melk og egg når dei kan og vil (4). Dette kan vere eit enkelt, men viktig grep som mange kan ta for å få produsert meir mat i framtida.

Dette gjeld også i havet, der vi i veldig stor grad haustar i høge trofiske nivå i dag, som for eksempel torsk. I dag blir det og praktisert selektiv fisking av fiskar med rett storleik, der små fisk ofte blir kasta ut att i sjøen. Dersom denne praksisen blir vidareført, vil dette føre til overfiske i framtida. Derfor bør det og vere eit mål hauste i lågare trofiske nivå også i havet. Balansert hausting i havet, der det fins utrulege mengder primærprodusentar. Dersom vi innfører ein slik praksis i staden, vil det gi oss mykje meir mat (om vi klarar å utnytte dei mikroskopiske organismane i havet), i tillegg til at det vil hjelpe til å bevare marine bestandar.

Oppsummert vil eg peike på at alle kan bidra litt, om det er ein kjøttfri tysdag, eller redusering av avfall. Dette er enkle grep som dei fleste klarar å gjennomføre.

 

Referanser:

 

  • Godfray H.C.J., J. R. Beddington, I.R. Crute, L. Haddad, D. Lawrence, J.F. Muir, J. Pretty, S. Robinson, S. M. Thomas, C. Toulmin (2010) Food: Security: The Challenge of Feeding 9 Billion People. Science. 327: 812-818
  • Duarte, C. M., Holmer, M., Olsen, Y., Soto, D., Marba, N. Guiu, J., Black, K. & Karakassis, 1. (2009). Will the oceans help feed humanity?
  • Von Braun, J. (2007). The World Food situation: New Driving Forces and Required Actions. Washington: International Food Policy Research Insitute.
  • Stehfest, E., Bouwman, L., van Vurren, D.P., den Elzen, M. G. J., Eickhout & B. Kabat, P. (2009) Climate benefits of changing diet. Climate change.
  • Ertesvåg, F. (2016). Veggiser i voldsom vekst: nå kommer fleksitarianerne. VG. 25. Februar. Henta frå: http://www.vg.no/nyheter/innenriks/godt-no/veggiser-i-voldsom-vekst-naa-kommer-fleksitarianerne/a/23625195/ (23.02.16)
  • Skern-Mauritzen, M., Howell, D., Hansen, C., Bjordal Å., og Huse, G. (2015). Barentshavet – for stort og komplisert for en strikt balansert høsting. Henta frå: http://www.imr.no/filarkiv/2015/03/barentsh_balansert_hosting_raudate.pdf/nb-no (25.02.16).

 

Skrive av: Anne Marte Fauske

1 kommentar

  1. abr102 sier:

    Jeg viste ikke at vi hadde et navn på det du kaller «fleksitarianer», jeg liker det!
    Jeg tror det er viktig at man ikke skal presse mannen i gata til en fullstendig livstilsendring som å kutte kjøtt totalt. Men jeg tror de aller fleste skulle klare å kutte ned, og være mer beviste rundt det hvis de prøvde.

    Det handler nok ofte om å presentere realistiske mål, fordi mange tenker » dette klarer jeg ikke uansett, så det er ikke noe poeng å prøve», eller «det gjør ikke noe om jeg gjør noe nå, fordi det er for seint uansett».

    Men det å leve mer bærekraftig er faktisk helt innafor, og burde presenteres som noe realistisk.
    🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *